Tumgik
#travlar
Dag 7: Laksen tvila ikkje i Belfast
Den fyrste fulle dagen i Nord-Irland begynte ikkje perfekt, men me (eller iallefall eg) begynte å føla normaliteten nærma seg. Den kunne kanskje ha kome allereie til frokost, men me gjekk på ein liten smell. Me tenkte at nokre sandwichar til 4 pund måtte vere ein fin og forsiktig måte å gjere magane vant med ordentleg mat igjen, men dei viste seg å vere laga av nokre gigantiske brødskiver som var svært tunge å få i seg. Men det var iallefall ein win at magen ikkje snudde seg heilt vekk av synet.
Videre vart det ein liten rusletur i Derry sentrum, rundt bymurane, ein svipptur innom Free Derry Corner, og gjennom bogside, der Bloody Sunday-massakren fann stad i 1972.
Då me kom oss i bilen gjekk turen nordaustover, mot det som kanskje er det største og mest spektakulære turistattraksjonane på øya - Giants Causeway. Desse vulkanske steinformasjonane - heksagonar av basalt - var utruleg kule å både kikke og gå på. Absolutt verdt stoppen! Og pro tip: du *må* ikkje betale for å sjå det. Og om du gidda gå ca. 3 minutt ekstra (t/r tar i utgangspunktet 20-30 min pluss tida du stoppar) kan du parkere billig på eit jorde. Skjønt, det finst sikkert travlare tidspunkt enn då me var der, so det varierar nok med årstida korleis ein bør gjere det.
Etter eg gjekk lei av hoppe mellom søylene tura me ganske kjapt ned til Belfast (langs kysten, so klart), kor me fekk ein lang kveld til å spankulere, ta eit par øl, og kjøpe bøker. Kvelden vart avslutta med at begge fekk lyst på, og klarte ete opp ein pizza, so no hadde endeleg effektane av The Duck Incident begynt å gje seg.
Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media Tumblr media
0 notes
wonderworldbeauty · 4 years
Photo
Tumblr media
ভোরের আলো ছড়িয়ে দিলো আলোক ভুবনময়, পূব আকাশে অরুণ হাসে প্রভাত হাওয়া বয়। ***সুপ্রভাত*** #travler #travel_overtheworld #travlar #siligurupedia #siliguristreetphotography #siliguridiaries #jalpaiguri_photography #jalpaipedia #jalpaiguridiaries #motorcycle #heroes #heromotocorp #indianbykers #vivoindia #vivoworld #touristhelpline #pranabsharma #mohitnagarbamanpara #mohitnagar #bamanprararoad (at Jalpaiguri) https://www.instagram.com/p/CEI9AK9BUbP/?igshid=nqpoa7nsspe6
0 notes