Highway 1 California - It's a wrap
Da er me godt planta på norsk jord igjen, og kvite strender i Cali er erstatta av kvitt teppe og minusgrader ❄️ Brrr!
Turen gjekk veldig fort, men me har fått gjort alt me planlagte - og meir til.
Har laga ein oppsummering av ruta og dei ulike stoppa i bildene under. Blå koffert = hotell og JA-stopp, Grønt flagg = Kanskje-stopp, restaurantforslag osv, Rødt hjerte = Must! Uttafor det har me berre heve bilen på ei vegskulder og stoppa der me syns det har vore fint.
Høgdepunkt:
🌴Natur: Big Sur, og strekningen mellom Santa Cruz til Morro Bay og landskapet i Joshua Tree
🌊Strand: Laguna Beach (mange små strender/coves) og El Matador i Malibu
🍔Mat: Me har ete som ekte amerikanara, og måtte sjølvsagt innom alle favorittane: In-n-out, Habit Burger, Buffalo Wild Wings og Applebee's. Mykje burger og strawberry lemonade.
🏙️By: Her vann Santa Barbara lett. Strandpromenade, stengt hovedgata så det kun var gågata med masse kultur, shopping og liv
🏨Hotell: Nedover kysten valgte me billige alternativ, og hadde fokus på lokasjon, 2 x twin og parkering. Beachview Inn (Santa Cruz), Masterpiece Inn (Morro Bay), The Presidio (Santa Barbara), Hotel 39 (Huntington) og Agua Caliente Spa & Casino Rancho Mirage. Sistnevnte klar vinnar både på fint, dyrt og comf.
🫶Perla: Carmel-by-the-sea. Clint Eastwood var ordførar der for 100vis av år sia, no er det ein sovande strandby med beach houses, Range Rovers og gjennomsnittsalder 65. Inn på lista over plassa ein kan pensjonera seg.
Ikkje besøkt:
- Sjølve byane San Francisco og Los Angeles. Droppa sia begge har vore begge plassa før
- San Diego. Droppa til fordel for Palm Springs fordi me følte me hadde trengt meir tid der + meir energi til å oppleva storby etter lang roadtrip
- Yosemite. For langt inn i landet - hadde blitt for mykje køyring. Unnskyldning til å komma tilbake!
- Highway 1 nord for SF. Vurderte å køyra litt nord for å starta turen, men da hadde reise-etappen blitt veldig lang. Me henta bil downtown og starta ved brui, og syns det var ein innafor ekstra halvtime.
- Attraksjonar som tek lengre tid i småbyane/stoppeplassane. På brainstorminglista sto blant anna Vinsmaking, Hearst Castle, Museum osv. Men me er ikkje museumsfolk, så da blei det meir strandliv i steden.
Alt i alt meget nøgd med både mengde planlegging vs spontant, køyrelengde og mix av sjå/eta/oppleva. Late daga i Palm Springs på spahotell var prikken over i'en etter mange tima på vegen dagane i forkant.
Leve lenge på denna 😎
0 notes
Highway 1
Endelig tid for roadtrip! Andreas og eg har gleda oss i månadsvis, og no er me klare for sol og sommar.
Me flaug inn via San Francisco, og skal køyra kysten via Highway 1 til litt lengre sør enn Los Angeles, før me flyg heim derfra.
Etappe 1 var sjølve reisedagen, henta leigebil i SF og køyring til Santa Cruz. Me køyrte innom brui for å starta med stil, før me rulla nedover kysten. Santa Cruz var veldig fint, og sia det var mørkt når me kom fram, starta me dag 2 med ein joggetur i soloppgangen.
Neste etappe var Santa Cruz til Morro Bay, med mange fine stopp på vegen - blant anna Monterey, Carmel by the Sea, Big Sur, McWay Falls, og Cayucos. Snurr film:
0 notes
Sørlandsidyll
Ny veka og ny langhelg, denna gangen vende eg og Sofie snuten sørover og køyrte Kristiansand - Kragerø tur-retur. På vegen stoppa me i alle hamner, og hadde perfekt blanding av sol, svaberg, is, sjømat, shopping, drinks og kos. Me hadde fyste natt i Kristiansand, og køyrte deretter innom Justøya, Brekkestø, Groos, Grimstad, Arendal, Tvedestrand, Jettegrytene på Sild, Risør og Kragerø. I Kragerø var me så heldige å bli henta i båt på hotellet av Ane som er på ferie på hytta si på ei øy uttafor sentrum. Ho blei med på digg middag på Tollboden og ein is på brygga, før ho svippa oss heim óg. Ikkje feil med taxibåt! På veg heim overraska me Eirin, som var på hytta i nærheten av Lillesand med nokre venner. Der blei det båttur, is og spike-ball turnering i soli. Sørlandet er verkeleg noko for seg sjølv, og me har kosa oss max!
0 notes